Sandvolleyball EM U20, 16- 19 juni i Antalya , Tyrkia

Sandvolleyball EM U20

Sunniva Helland-Hansen representerte Noreg sitt fyrste lag i lag med Live Lunde Fossdal frå Oslo. Dei havna i ei tøff gruppe der dei skulle tevla med England, Østerrike og Tyskland. Den fyrste kampen vart ein slitar i varmen med litt ujevnt spel men jentene klarte å hale i land ein 2-1 siger mot England. Neste dag var temperaturen steget langt over 35 grader i skyggen og jentene spelte i sterk sol. Dei vann solid over Østerrike med 21-12 og 21-16. Siste kamp i gruppespelet vart  uhyre spennande der jentene spelte sitt aller beste og vann ein 2-1 seier over storfavorittane Tyskland med sett siffera  16-21,21-16 og 15-10. Dette er første gang eit norsk junior lag slår Tyskland på jentesida. Sunniva og Live vart nå puljevinnare og slapp og spela 16.delsfinale og kunne dermed gå direkte inn i 8.delsfinalen. Der møtte dei Kviterussland som er eit sterkt og rutinert lag. Denne kampen vart ein triller nå som varmen hadde steget til over 40 grader. Dei tapte første sett 21-12, og i andre sett måtte jentene ta en medisinsk timeout der Live fekk problemer i varmen. Jentene kom sterkt tilbake etter timeouten og hadde  ein imponerende opphenting fra 20-16 til 20-20. Etter fleire matchballar endte dei dessverre med 21-23 og 0-2 tap for Kviterussland som seinare spelte seg til bronsemedalje i meisterskapet. Sunniva og Live endte dermed  på 9.plass i EM og seier seg nøgde med mykje godt spel og beste internasjonale resultatet så langt for dette makkerparet.
Det andre norske jentelaget Kirstine Garder og Renate Bjerland fekk ein 24.plass mens gutane Jakob Thelle og Martin Olimstad også fekk ein 9. plass. 
Fyrste laget til gutane med Alexander Sandlie Sørum og Anders Berntsen Mol tok gull i gutteklassen.  Stor stemning og stas å være med å heie det norske laget til seier.

Bilde: Live Lunde Fossdal, landslagstrenar Jetmund Berntsen og Sunniva Helland-Hansen