Støtt Rossvoll Volleyballklubb via Grasrotandelen til Norsk Tipping

Grasrotandelen er ei ordning frå Norsk Tipping, der du som registrert spelar kan velje eitt lag eller ei foreining som du ønskjer å støtte.
Dette gjer du ved å finne deg ein Grasrotmottaker. Vi oppmodar deg til å støtte oss i Rossvoll Volleyballklubb!

Tenk deg at du kan spele Lotto, Tipping og Joker - og samstundes gje noko til laget eller foreininga i ditt hjarte.. Dette er no mogleg frå 1. mars via Grasrotandelen. Ved å spele hos Norsk Tipping vil 5 % av innsatsen gå direkte til laget eller foreininga du ønskjer å støtte (gjeld ikkje Extra og Flax). Merk deg at Grasrotandelen ikkje på nokon måte går ut over innsatsen eller premien din - du blir ikkje trekt noko for å vere grasrotgjevar. Du treng Spelarkort frå Norsk Tipping for å bli grasrotgjevar. Spelarkort får du kjøpt hos kommisjonær, eller du kan bestille det på norsk-tipping.no.

Vi oppmodar deg til å bli med på ordninga allereie 1. mars, og dette kan du gjere ved å ved å velje ein av desse fire framgangsmåtane:

1. Hos Kommisjonær: Skriv ut strekkoden (evt. berre skriv ned org. nr. 993 787 523) og ta den og Spelarkortet ditt med til ein Norsk Tipping-kommisjonær.
2. SMS: GRASROTANDELEN  993 787 523 til 2020 (tenesta er gratis).
3. Internett: grasrotandelen.no eller norsk-tipping.no 
4. Norsk Tipping Mobilspel.




Meir informasjon finn du på www.grasrotandelen.no. Her vil du også kunne følgje med på kor mykje klubben eller foreininga di får inn via Grasrotandelen.

Takk for at du støttar oss via Grasrotandelen!